fbpx

Explore 62 north

Please do not hesitate to contact us with any question you may have.

Explore 62 north AS
Indre kulen 55
6718 Deknepollen
Norway

Phone +47 99 69 81 13
bottlemail @ explore62.com


VAT 922 319 502 MVA


Iban: NO23 3633 6205 349
BIC / Swift: SPAVNOBBXXX


.

Reis tilbake i tiden ved

vaagsberget handelsstad

På sørsida av Vågsøy, ved innløpet til Vågsfjorden ligg den gamle handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget. Handelsstaden, med gjestgiveriet, ligg vakkert til ved leia, omkransa av store planta lauvtre. Her tok bergensborgarar til med handel på 1600-talet. Vågsberget er i dag av dei mest intakte handelsstadene på Vestlandet frå 1800-talet. I 1989 vart det bestemt at den gamle handelsstaden skulle restaurerast.

Frå Jonsok til skulestart er det ope for publikum, med kafe i Driftsbygningen og omvisning i Hovudhuset og tunet. Her er er både faste og skiftande utstillingar. Lokalene vert óg brukt til kurs- og møteverksemd og til selskapslokale.

Vågsberget vart kremmarleie på byrjinga av 1600-talet. Staden ligg ute ved havet og særs lagleg til for handel slik forholda var på 1700- og 1800-talet. Ikkje minst ligg staden lagleg til i høve til fiskeplassane Kvalheimsvika og Torskangerpollen. Desse var dei beste fiskeplassane for vintertorskefisket i distriktet. Nesten årleg kom torsken inn i store mengder og folk frå heile Nordfjord kom hit for å delta i fisket.

Det kan nemnast at Vågsberget i 1987 vart nytta i innspelinga av filmen "Landstrykere", basert på ei bok av Knut Hamsun. Skodespelet "Sunnivas dagar" av Rolf Losnegård vart fyrste gong spelt i 1978. Dette skodespelet vart sommaren 2000 sett opp på Vågsberget Friluftsteater.

Les mer her